
Det norske alfabetet har 29 bokstavar og består av det felles latinske alfabetet i tillegg til bokstavane Æ, Ø og Å. I norsk blir fleire av bokstavane òg brukt med diakritiske teikn.
Faktaboks
- Etymologi
-
sammensatt av alfa og beta, de to første bokstaver i det greske alfabetet
- Også kjend som
-
dansk-norske alfabet, norsk-dansk alfabet
Alfabetet blir ofte kalla det dansk-norske alfabetet fordi alfabetet er likt for norsk og dansk.
Alfabetiseringsrekkefølga frå 1917 (Noreg) og 1955 (Danmark) er A, B, C, D, E, F, G, H, I, J, K, L, M, N, O, P, Q, R, S, T, U, V, W, X, Y, Z, Æ, Ø, Å.
Skandinaviske tilleggsbokstavar
Det latinske alfabetet har vorte utvida i fleire rundar frå eit dei opphavlege 21 bokstavane til først 23, ved tillegg av dei «greske» bokstavane Y og Z. Frå mellomalderen og seinare vart alfabetet utvida til 26 bokstavar ved at I har vorte spalta i I og J og V i U, V og W.
I norsk og dansk blir brukt Æ, Ø og Å i tillegg til dei vanlege 26 latinske bokstavane. Æ og Ø har vore i bruk i nordiske språk frå mellomalderen, medan Å har komme til seinare. Verken Æ eller Ø har oppstått i Norden; begge desse teikna er brukte i latinsk tekst. Den viktigaste årsaka til at dei nordiske språka har disse tilleggsbokstavane, er at vi har ni vokalar, mot fem i latin.
Bokstaven Å har vorte brukt i det norske alfabetet frå 1917 og i dansk frå 1948. Den endelege avgjerda om kvar Å skulle plasserast i det danske alfabetet, vart ikkje teke før i 1955, og frå 1948 til 1955 kom Å først. Opphavet til Å er ein liten a skrevet over ein A. Å vart først brukt i Tyskland, men er ikkje lenger i bruk i tysk.
På svensk har Å vore i kontinuerleg bruk heilt frå 1500-talet. Alle dei tre «tyske» bokstavane Ä, Ö, Å kom til Sverige saman med boktrykkjarkunsten. I norsk-dansk skreiv ein lenge dobbel A (aa), slik ein hadde gjort før 1500 òg i svensk.
I det svenske alfabetet blir brukt Ä i staden for Æ og Ö i staden for Ø. Bokstavrekkjefølgja er òg ulik på svensk. Det svenske alfabetet sluttar med Å, Ä, Ö, medan norsk og dansk har Æ, Ø, Å. I norsk og dansk blir alfabetisert Å til slutt fordi dette er den siste bokstaven som vart lagt til i alfabetet, medan i svensk har Å vore i bruk mykje lengre enn i dansk og norsk.
Omsetjing av tilleggsbokstavane
Når det ikkje er mogleg å bruke eit teiknsett som støttar dei skandinaviske tilleggsbokstavane, må desse blir endra. Slik omsetjing er mindre vanleg i dag enn tidlegare – no støttar dei fleste datasystem Unicode-standardar som har full støtte for dei skandinaviske og tusenvis av andre bokstavar.
Bokstav | Offisiell omsetjing* | Vanleg omsetjing |
---|---|---|
Æ | AE | AE |
Ø | OE | O |
Å | AA | A/AA |
Ä | AE | A |
Ö | OE | O |
* Blir mellom anna brukt på flybillettar og liknande
Diakritiske teikn i norsk
Diakritisk teikn er eit lite teikn (ring, prikk, strek, hake og så vidare) som er plassert over eller under ein bokstav. På norsk blir brukt fleire diakritiske teikn, i hovudsak akutt aksent, grav aksent, tødlar og cirkumfleks, til dømes idé, òg, Grünerløkka, fôr.
Dei vanlegaste bokstavane med diakritiske teikn i norsk er Ä, Á, É, È, Ô, Ö og Ü. I tillegg finst mellom anna À, Ã, Ç, Ê, Ë, Í, Ï, Ñ, Ó, Ò, Ú. Bokstavar med diakritiske teikn blir ikkje rekna som eigne bokstavar i norsk, og dei blir sorterte saman med bokstavane utan diakritiske teikn.
Ringen over Å blir ikkje rekna som eit diakritisk teikn i norsk eller dansk, og Å er ein eigen bokstav. Tilsvarande blir dei svenske Ö og Ä òg rekna som eigne bokstavar og ikkje variantar av O og A. På tysk blir derimot bokstavar med tødlar rekna som variantar av bokstaven utan tødlar.
Les meir i Store norske leksikon
- latinsk alfabet
- runealfbetet
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.